Hopp til hovedinnhold
Arrangementer
Dembra fagsnakk 4: Korleis kan ein undervise om samisk kultur når ein sjølv ikkje har samisk bakgrunn?

Tidspunkt

Dembra fagsnakk 4: Korleis kan ein undervise om samisk kultur når ein sjølv ikkje har samisk bakgrunn?

Tittelen: Dembra fagsnakk og teksten 20 min. faglig innlegg, 20 min. breakout rooms, 20 min. plenumssamtale

Tirsdag 5. november kl. 14.30-15.30 inviterer Dembra til Dembra fagsnakk nummer 4 for hausten 2024. Velkommen!

Målgruppe: Lærarutdanning og skule.

I fleire hundre år har samisk kultur blitt undertrykt og usynleggjort i Noreg. Korleis kan majoritetslærarar undervise om samisk kultur, som dei ikkje er ein del av, utan å framhalde med usynleggjering i dag? På HVL nyttar dei seg av ei undervisningsform som tar utgangspunkt i samisk samtidskunst/protestkunst for å formidle kultur, politikk og tradisjonelle levesett og handverk. Kunsten blir eit verkemiddel for å sikre at samisk eigarskap og opphav blir ivaretatt.

Foredragshaldarar

Ingrid Skarprud er tilsett som ph.d.-stipendiat tilknytt BARNkunne, senter for Barnehageforsking ved Høgskulen på Vestlandet, der ho forskar på pedagogisk innovasjon opp mot barnehagelærarutdanninga. Skarprud er utdanna kunstnar og pedagog frå Kunsthøgskulen i Bergen og Høgskulen på Vestlandet. Har jobba 10 år som kunstnarisk leiar i Bortigard Barnehage og vore tilsett som Høgskulelektor ved Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet.

Lenkje for å delta finnar du her, og det er same lenke til kvart webinar

https://hlsenteret-no.zoom.us/my/dembrafagsnakk

Følg med på arrangementssida vår for å sjå dei andre webinara i Dembra fagsnakk!